Drift av legekontora i Høyanger kommune

Grunna bemanningsutfordringar vert det endringar i drift ved Høyanger legeteneste.

Fram til ferieavvikling vert det redusert drift av utekontora.

I ferieavviklinga frå og med veke 26 til og med veke 33 er det ikkje personell til å opprettehalde drift av utekontora.

Legekontoret i Lavik har ope følgjande dagar:

VekeDag
19Måndag 6. mai
20Onsdag 15. mai
22Måndag 27. mai
23Måndag 3. juni
24Onsdag 12. juni
25Onsdag 19. juni

Legekontoret på Søreide har ope følgjande dagar:

VekeDag
19Tysdag 7. mai
21Tysdag 21. mai
23Tysdag 4. juni
25Tysdag 18. juni

Laboratoriet i Høyanger har stengt for prøvetaking fredagar. 
Akutte prøvar vert prioritert.

Ein må pårekne ventetid på telefon og ved henvendingar i luka ved legekontoret i Høyanger.